Haustslakting 2015

5-8 september vart haustslaktinga avvikla på Grønhø. Om veret skulle kunna vore bestilt så hadde det nok vorte omtrent som det vart; litt austavind og ikkje altfor varmt. Førre året var det mykje sopp som gjorde at det var stor spreding av dyra og veldig høg verdi på innhaldet av radioaktivitet, oppmot 3.000 bq/kg. I år har det mest ikkje vore sopp, reinen har halde seg høgt til fjells og målingane synte berre 1/10 av verdiane frå 2014.

Det vart god samling med ialt 3.350 dyr på trå og av desse vart 1.281 teke ut til slakt. I 2014 vart det ikkje slakta simler grunna den store rasulykka. Nå er vi attende på normal storleik og struktur og dermed kunne dei to eldste årgangane (10 og 11 år) av simle slaktast for å gje plass til nye avlsdyr.

I år som i dei siste 26 åra, vart vi alle godt mottekne og servert av Gunnvor Storlien i matbrakka. Ho lagar den beste maten av reinskjøt som tenkjast kan. Og sjølv om det til tider er trangt om plassen så vert alle bede til bords, både arbeidsfolk og alle andre som er innom Grønhø dei 5 dagane samlinga varar. Eitt år serverte ho 300 middagar!

Stor takk til Gunnvor!

Relaterte innlegg

På tur til Kyrkjeglupen
Vinterslakt 2019
Hausten 2019
Ein uvanleg vinter