Haustslakting 2018

Det er planlagt inntakt på Grønhø laurdag 8. september.

Sommaren har vore spesiell, mest ikkje nokon liknande i manns minne og derfor er det spenning knytt til kor tunge vektene vert og kva for verknad varmen, og nå soppen har hatt.
Røynsle frå tidlegare år med enten mykje varme eller mykje regn syner at variasjonen i vekter ikkje har vore så store som ein kanskje skulle tru. Vi vonar dette gjeld i år også.
Siste vekene har det kome ein god del regn og varmen i jorda har nok ført til at beitet har kome seg att.

 

Relaterte innlegg

På tur til Kyrkjeglupen
Vinterslakt 2019
Hausten 2019
Ein uvanleg vinter