Vinterslakt 2019

Sålell desember

Etter ein gjestevisitt med vinterslakt på Grønhø førre hausten, var det klart for inntakt att i Sålell.
Det har vore ein trå haust med omsyn til veret, med lite sjog, mykje vind og dårleg sikt.
Etterkvart som vinterern seig på, vart det dessverre enda meir utriveleg å vera tilfjells grunna stor skredfare. Alt i slutten av november var 11 dyr teke av flakskred, 5 måtte avlivast. Så får vi vone at det vert med dette for denne vinteren.

Men, gjetarane klarte tilslutt å få samla flokken og det vart inntak sundag 15.desember. Resultatet vart 562 dyr sendt til Nortura Otta.
I alt for året vart slaktuttaket på omlag 1.820 nesten 59.000 kg. Grunnen til at produksjonen i år vart så høg er at vinterflokken er redusert noko i høve til førre året. Vektene var meir på det jamne, ca 25 kg/kalv. Vinterflokken utrekna frå trå vart på 2.368 med smått og stort.

Skrantesjuke: Det har til nå i haust vorte teke prøve av godt over 2.000 dyr frå tamreinlaga og vel 3.300 villrein og det har ikkje vorte funne nye funn på rein. Derimot har det vorte funne 2 elgar med skrantesjuke, men det er ein annan variant enn den som vart funne hjå villreinen i Nordfjella.
Sjå Veterinærinstituttet sine oppdateringar her.

Seinhaust i Sålell
Foto : Jan Stokstad
Seinhaust i Sålell – foto Jan Stokstad

Relaterte innlegg

Hausten 2019
Ein uvanleg vinter
CWD-status og litt til.