Gjetarar i Jotunheimen – NRK1, hausten 2016

 

 

Gjetarar i Jotunheimen – NRK1, hausten 2016

dsc_0809

Programskaparar: Rebecca Nedregotten Strand og Dag Indrebø

Eitt av dei vakraste og villaste fjellområda i Noreg, er arbeidsplassen til gjetarane i Lom Tamreinlag. Midt i Jotunheimen, passar dei på tusenvis av reinsdyr. I eit spektakulært og lunefullt landskap. Rovdyr, rasfare og eit vêr som skiftar fort trugar flokken. Gjennom fire fantastiske, men også utfordrande årstider fylgjer vi dei som har tatt på seg denne spesielle jobben. Dei vil ikkje byte det mot noko.

Episode 1: I fyrste episode blir vi kjent med gjetarane Jan Stokstad og Geir Egil Slettom. Det er vinter på Sognefjellet. Sjølv om minusgradene er mange og sikta dårleg, må dei ut og finne reinsflokken. Når våren nærmar seg, trugar nye farer. Eit snøras kan sope med seg hundrevis av dyr, og ørna er ute etter nyfødde kalvar. Heldigvis er det også gode dagar; Geir Egil temjer reinsdyr i hagen og Jotunheimen viser seg frå si beste side når 2500 dyr skal flyttast frå vinter- til sommarbeite.

 

Episode 2: I andre episode er våren komen til Jotunheimen, og då er det kalvingstid. Skjøre små liv kjem til verda. Svoltne ørner trugar, og gjetarane må passe ekstra godt på. Kalvane er flokken si framtid, men kva med framtida til tamreindrifta? Vi møter Jørn Slettom som går i fotefara til far sin og drøymer om å bli gjetar, trass i at jobben både kan vere einsam og farleg.

 

Episode 3: I tredje episode får turistane nærkontakt med reinsdyra. Det er sommar, folk søker i tusental til Jotunheimen og mange vil møte Lom Tamreinlag sine kjendisreinar. I nabobygda Vågå driv dei også med tamrein, der er unge gjetarar på jakt etter både damer og ulydige reinsdyr. Så kjem hausten. Klarer gjetarane å få samla heile flokken i tide til slaktinga?

 

Episode 4: I siste episode er det tid for slakting. No skal inntekta til Lom Tamreinlag sikrast. Gamle og unge møtest til dugnad på slakteanlegget. Eit gjenferd frå 80-talet spøker framleis i Jotunheimen og gjer slaktinga ekstra spanande. Det blir også oppdaga ein spion i flokken. Når haust går mot vinter har gjetarane Jan Stokstad og Geir Egil Slettom gode dagar med reinen, og på Sognefjellet blir det magisk når reinen spring over snøkledde fjell.

Relaterte innlegg

2020 – vinter til haust
På tur til Kyrkjeglupen
Vinterslakt 2019
Hausten 2019