2020 – vinter til haust

Etterjulsvinteren

Etterjulsvinteren 2020 gjekk rimeleg greitt for seg, men vi vart minte på utfordringa vi har med bukkeflokkane frå villreinområdet Reinheimen-Breheimen. Dei siste åra har vi sett at dei fyrste flokkane har kome over på vårt vinterbeite tidlig i mars, og i år vart det litt samanblanding. Gjetarane klarte å skilje ut att dei fleste, men ein villreinbukk måtte avlivast.

24 dyr vart teke av ras, ved Spiterstulen og Smådalen, og berre eitt tap til jerv vart dokumentert. På vårbeite derimot var ørna på plass att. Talet på ørn som held seg rundt kalvingsflokkane ser ut til å vera stabilt. I alt vart 5-6 kadaver dokumenter teke av ørn. Dette er omlag det same som det har vore dei siste åra.

Denne våren vart det dokumentert ein liten sensasjon – gjetar Øyvind Teigen filma ein tvillingfødsel hjå ei simle han hadde heime hjå seg. Det er ikkje godt å si kor ofte slikt skjer anna enn at det er svært sjeldan.
Simla Litol og kalvane har vore med flokken i sumar og i haust vart alle med på inntaktet på Grønhø.

Foto: Jan Stokstad

Hausten

I år er det 34 års sidan Tsjernobylulykka. I alle år har den påvirka drifta, men etterkvart mindre og mindre. Dei siste åra har Mattilsynet teke kontrollmåling av stråling på nokre dyr berre for å konstatere at stråleverdiane har vore godt under tiltaksgrensa. Og i år var det slutt med slike målingar både for sau og rein.
Det er derimot framhald med prøvetaking av alle slakta vaksne dyr for å teste for CWD – skrantesjuke. I skrivande stund har det i år vorte teke prøve av i alt 17090 dyr, (både elg, rein,hjort, andre) og heldigvis berre eitt positivt funn.

Foto: Jan Stokstad

Haustslakting 2020 – ein tidbolk er over.
I ‘moderne tid’ har Norturaslakteriet på Otta stått for slaktinga både haust og vinter. I 1970 var det slaktarar frå Otta som sto for flåinga og frå 1971 vart slaktinga sett bort åt Hed-Opp.
Same hausten var det for fyrste gong kjørt levande dyr til slakt åt Otta og det har det vorte gjort i alle år etter det.
Men nå er det tida over, samvirkeslakteriet på Otta er lagt ned og laget måtte sjå seg rundt for å finne anna hjelp. Så til haustslaktinga var det Stensaas reinsdyrslakteri AS frå Røros som slakta og kjøpte det meste av kjøtet. Til vinterslaktinga er det planlagt at laget skal bruke Midtnorsk Mobilslakteri AS ved anlegget åt Vågå.

Foto: Jan Stokstad


Legg igjen en kommentar