Drift
Drift, flokkstruktur og driftsplan
Frå gamalt av var det mykje større innslag av storbukk i flokken. Etterkvart som det vart meir kunnskap og interesse for å optimalisere drifta, vart kilo kjøtt pr vinterdyr eit viktig tal å rekne på. Da synte det seg at bukkar ikkje ytte så mykje som ein skulle tru.
Sjølv om dei var tunge på vekta ved slakting, så måtte ein også sjå på kor mange år dei brukte for å nå den, og kor mykje vinterbeite dei brukte for å eta seg oppatt etter haldet. På slutten av 1970 talet vart strukturen lagt om til færre bukkar, fleire silmer og med det fleire kalvslakt og større produksjon pr. vinterdyr.
Jon Kolden skriv
Reindriftskolen på Borkenes vitja laget 1. mars 1975. I eit sammøte med styret og skulen peikte leiaren, John Norfjell, på at etter hans syn var det dårleg økonomi å ha bukk på 3 år i flokken. Skulen slakta ein del kalv og 1 1/2 år gamal bukk. Same tankane var framme i eit møte 14. juli 1981 der reindriftsagronom Lenvik og Johs. Tamnes og Espen Bø frå reindriftskontoret på Røros var til stades. På møtet orienterte Lenvik om korleis han meinte samansetjinga av reinsflokken burde vera. Det burde vera fleire simler og færre bukkar og ingen storbukk i ein tamreinflokk og fleire kalvar bør kunne slaktast.
Årsmøtet i 1982 fekk ei orientering om overgang til ei anna samansetjing av flokken, noko som vart sett i gang dette året. Samtidig med at denne omlegginga var på gang, ynskte dei tre rettleiarane å gjennomføre eit forskningsprosjekt der dei kunne samanlikne vekta på simla med vekta på kalven. Dermed kunne det vera mogleg å finne kva for årgangar som ga tyngste kalvane. Dersom prosjektet kunne gje eintydige svar, ville Lom ha god nytte av resultatet.
Struktur
Dette er den flokkstrukturen vi ynskjer å ha og som vi arbeider etter. Endringar frå år til år vil skje grunna ulykker og beitevarisjon både sommar og vinter, men i hovudsak har drifta gått etter dette målet:
- Simler 1-10 år1890230409200
- Hokalv2308506202414880
- Hannkalv2808505702715390
- Bukk 1 1/2 år2804512600
- Sum24001700170052070
Slaktvekt på kalv frå 2001 - tal henta frå Ressursregnskapet reindrifts-forvaltninga
- 200125.722.420.221.422.4
- 200225.025.322.327.625.1
- 200324.024.221.123.023.1
- 200425.022.022.023.222.6
- 200525.524.120.824.523.7
- 200624.325.520.922.523.3
- 200723.522.621.924.723.2
- 200823.823.922.124.023.5
- 200924.327.823.122.824.5
- 201026.923.922.123.724.2
- 201126.225.622.925.425.0
- 201227.227.125.624.826.1
- 201325.126.122.624.124.6
- 201425.725.822.923.724.4
- 201524.528.421.924.924.4
- 20162526.323.524.424.0
- 201726.626.324.324.125.2
- 201825.426.121.823.324.0
- 201924.827.122.023.424.2