Lom Tamreinlag vart starta i 1926 og har vore i drift alle år etter det. Laget er største kjøtprodusenten i bygda, omlag 50.000 kg kvalitetskjøt vert kvart år produsert i fjellheimen vår. Vinterflokken er på 2.400 dyr og det er eit mektig syn om du råkar på dei under driving.
 Laget sysselset 4-5 årsverk og har i dag 4 fast tilsette.
 Her vil du finne informasjon om drifta, historia og ymse anna om rein og reindrift.

På tur til Kyrkjeglupen
Vinterslakt 2019
Hausten 2019
Ein uvanleg vinter
Lom Tamreinlag starta i 1926

Lom Tamreinlag starta i 1926

I 1900 kom det ein kongeleg resolusjon der det vart forbode å drive med tamrein i Lom. Same forbodet vart vedteke for alle grannebygdene i Nord-Gudbrandsdalen. Slike vedtak kom like etter jaktlova frå 1899, og skulle verna villreinområda, ikkje så mykje for å hindre bygdefolket i å skipa tamreinlag, men for å hindre at reinsamane fløtte inn i dei tradisjonelle villreinområda med reinsflokkane sine.

Tamreindrift i Sør-Noreg

Generell informasjon om tamreinlaga. Lom Tamreinlag var starta i 1926. Det har gått opp og ned med drifta, men målet har alltid vore det same: å utnytte fjellbeitet til produksjon av reinkjøtt. Utanom dei samiske reinbeitedistrikta er det i dag att berre 4 aktive tamreinlag.

rein illus

Bileta her er teke Jan Stokstad. Han har i meir enn 30 år vore reinsgjetar og er oppteken av formidle dei stemningane ein finn i fjellskog og fjell året rundt. Jan har også gjort eit stort arbeid med å GPS kartlegge dei minna ein finn i fjellet frå gamal tid.