Gjetarar i Jotunheimen

Gjetarar i Jotunheimen

Rein kjærleik – Ola og Jørn har draumejobb i høgfjellet med tusenvis av reinsdyr. Flokken veit dei kvar dei skal finne, damene er det litt verre med.

Om du ikkje har fått med deg programma så finn du dei i nettspelaren til NRK 

Sjåartala har vore særs gode. Iflg NRK var det 430.000, 400.000 og 490.000 som såg dei tre fyrste programma!

Episode 4: I siste episode er det tid for slakting. No skal inntekta til Lom Tamreinlag sikrast. Gamle og unge møtest til dugnad på slakteanlegget. Eit gjenferd frå 80-talet spøker framleis i Jotunheimen og gjer slaktinga ekstra spanande. Det blir også oppdaga ein spion i flokken. Når haust går mot vinter har gjetarane Jan Stokstad og Geir Egil Slettom gode dagar med reinen, og på Sognefjellet blir det magisk når reinen spring over snøkledde fjell.

 

 

 

nrk-jorn

Legg igjen en kommentar