Haustslakting 2013

b Grønhø III

Mange ungdommar var med og drog kalv i silen. Det er særs triveleg og viktig at rekruteringa ser ut til å kunne sikrast. Tradisjonen tru var 7.klasse ved Loar barneskule på vitjing og vi ynskjer alle velkomne attende både som tilskodarar og deltakarar i drifta.

b Ungdom i silen

b Skuleklasse

Slakteuttaket av kalv skjer med grunnlag i vekt. Uttaket av simler og bukk skjer etter alder. Simlene vert slakta som 10 1/2 åringar og bukken som halvannanåring ( dei vert slakta på vinterslakten). Simlene kan nok vera produktive fram til 12-13 årsalder, men vi har sett grensa på 10 år.

All kalven må på vekta. Tyngste dyra vert sett på som livdyr og lettaste går til slakt. Siste åra har denne grensa gått på 52 kg (levandevekt) for hokalv  og 56 kg for bukkekalv.

b Vekta IIb Vekta 1

Relaterte innlegg

2020 – vinter til haust
På tur til Kyrkjeglupen
Vinterslakt 2019
Hausten 2019