Kalving

Det aller meste av kalvinga går føre seg rundt andre veka i mai, ialt 1650-1700 stk, og det meste går føre seg i Smådalen og Veodalen.

Ein reinskalv er 5-7 kg ved fødsel og fram til september har dei ei tilvekst på omlag 400 gram/dag slik at dei i er omlag 50-55 kg levandevekt på haustslakten. Hjå dei andre hjortedyra ser ein ofte tvillingfødslar, men hjå rein er det svært sjeldan, om det i det heileteke skjer. Ein kan nok sjå simler som går med 2 kalvar, men da er det oftast adopsjon som har skjedd.

Veodalen 13.mai 2014 – Storparten av kalvinga er unnagjort for i år ser det ut til.

DSC_4693
Denne krabaten er fotografert 28 april. Etter berre nokre timar er dei klare til å fylgje resten av flokken.

DSC_7474

Foto: Jan Stokstad

Tamreinslakting 2012 012

Sjølv om kalvvektene i Lom er av dei tyngste i heile landet er det ikkje alle som vert som denne gilde kalven Yngve Stee har teke fast på vinterslakten 2012. Foto: Christian Vole.

Legg igjen en kommentar