Vi søker reinsgjetar


Etter ein veldig fin haust for rein og folk, så vart det heller trått på førjulsvinteren. Minimalt med føre, mykje vind og dårleg sikt gjorde til at det ikkje vart inntak til vinterslakting i Sålell før 15. desember.  Men er ein fyrst åt Sålell komen med flokken, så brukar resten å gå bra. Så også i år.

Ialt 458 dyr vart slakta og det vart utslept 2.170.  Grunna vanskeleg ver i dagane før inntaket så vart ikkje riktig alt med inn. Men ein reknar med at vinterflokken er på omlag 2.300 dyr.

Totalt for 2015 så har det vorte slakta 1.777 dyr, 1.130 kalvar og 647 vaksne. Av desse vart 36 slakta på vinterslaktinga i Vågå. Levert kjøt vart i alt 53.247 kg.

Legg igjen en kommentar