CWD-status og litt til.

CWD – skrantesjuke

Prøvene som vart tekne på slaktinga er nå ferdig analysert og heldigvis vart det ikkje funne spor av CWD! Ialt vart det teke prøve av 190 frå Lom og 321 frå Fram Tamreinlag. Veterinæinstituttet legg ut dagleg oppdatering av skrantesjukestatistikk her.
Det er sjølvsagt knytt stor spenning til korleis denne sjukdommen utviklar seg og korleis ei eventuell spreiing av den vil kunne påvirke drifta i tamreinlaga. Men, vi har trua på at det skal gå bra!

Radioaktivitet

Også i haust måtte vi måle radioaktiviteten.  Sjølv om det har gått 32 år etter Tsjernobyl-ulykka vil vi nok måtte leve med den forureininga i mange år enda sidan Cecium-137  har ei halveringstid på 30 år.
Reglelen er slik at vi må teste kvadratrota av planlagt slaktuttak;  dvs omlag 35 dyr. Dersom alle er under tiltaksgrensa på 3000 kg bq/kg så vert alt godkjent til slakt. Høgste verdien nå var på omlag 1700 bq/kg så slapp vi å måle resten. Heldigvis.

Inntaket

Inntaktet vart framskunda ein dag grunna verutsiktene og flokken kom på trå fredag 8.september. Det er ikkje noko problem å ha flokken inneståande i beitehagen eitt døgn ekstra. Den er  3 km i omkrets og det er godt med vatn og mat.
Det vart som vanleg ‘godt frammøte’ – 3150 rein av ein sommarflokk på omlag 4100.

Total vart 1.140 dyr vart slakta. Vektene ser bra ut, fasiten har vi ikkje enda. Den er nok litt lettare enn førre året, men med den turken og varmen som var i sommar så kan ein ikkje anna forvente.

 

Statistikk vekter 2002 – 2017 Lom Tamreinlag

 

© Jan Stokstad – Falkeblikk i silen!

 

 

 

 

 

Legg igjen en kommentar