Etterjulsvinteren 2015

Etterjulsvinteren har vore gild for flokken. Etter ei vekes tid i Leirdalen vart flokken slept  på Sognefjellet 20. januar og vart verande der til fyrste veka i mars.  Beitet på Sognefjellet var uvanleg godt sjølv om veret har vore litt uroleg. Det er mange år mellom kvar gong flokken vert ståande der i 6 veker.

Fyrstkomande måndag (30/3) startar turen attende åt kalvingsområda i Smådalen og Veodalen. Tysdag  tek dei flokken frå Leiråsen, via Leirvassbu og Spiterstulen og slepper den opp Skautkampen. Mange av dei eldre simlene kan den vegen godt og det har hendt at enkelte har tjuvstarta, men det er ei føremon å halde flokken samla til dei er forbi Spiterstulen.

Foto: Jan Stokstad.

Ei gladhending; Førre vinteren var prega av dåleg beite og rasulykker.  Nå har det vore fritt for ulykker og midt i mars vart det varsla om sloe ved Russhellaren. Vågågjetarane var oppom for å sjå og det synte seg at dette var ein flokk på 69 dyr, det meste Lomsrein. Ingen har korkje sett eller høyrt noko om desse tidlegare i vinter.
Fredag 27/3 vart flokken tråa på Grønhø og dei fann bukkar der frå både Fram, Vågå og Lom. Truleg er dette rein som har vore på vidvanke mest eitt års tid og at dei har hatt tilhald langt vest, i områda rundt Fleskedalen – Mjølkedalen kanskje. Ingen veit. Uansett, gledeleg at dei kom fram att.

Foto: Jan Stokstad.

Legg igjen en kommentar