Vinterslakting 2014

Sundag 7. desember var det nok eit vellykka inntak i Sålell. Laget har brukt denne tråa til vinterslakt kvart år sidan slutten på 1980-talet. Veret var bra, men føret var dårleg sjølv om det hadde kome litegrann snø. Andre gonger har det vore meir enn nok snø og dårlegare ver, men vi har i alle desse åra klart å gjennført slakting på førjulsvinteren.

2.368 dyr vart utslept til vinterflokk og 300 dyr slakta. Samla har det i år vorte slakta berre 1.200 dyr og dermed har heile tapet etter skredulykkene førre vinteren vorte teke i år og vi er attende til normal vinterflokk.

Det er i år 28 år sidan Tsjernobylulykka og for fyste gong vart det gjeve løyve til slakting utan måling av radioaktivitet. Det set vi stor pris på, men som haustslaktinga og målingne der synte (høgste verdi 3000 bequerel), så vil nok ulykka fylgje oss i enda mange år.

Overgjetar Geir Egil Slettom ved Ilva. Foto: Jan Stokstad.

a DSC_5906

Legg igjen en kommentar