Haustslakt 2014

I Lom gjekk slaktinga godt uframt at vi vart litt plaga av regnver og søle.  Ialt 3.150 av ca 3.400 dyr var på trå og det nok eitt av dei beste berrmarksinntaka vi har hatt, om ikkje det beste.

Det er nå 28 år sidan Tsjernobyl-ulykka (26.april 1986) og framleis vert vi plaga med radioaktiv forureining av Cesium 137. Sjølv med ei teoretisk halveringstid på 30 år vart det i haust store konsentrasjonar av stoffet i beitedyr. Ein stor del av skulda må nok soppen ta. Denne hausten har det store mengder frå langt nedi skogen til 14-1500 meteres høgde, eller som Lavrans Skuterud sa til gd.no tidlegare i haust- «Et hav» av rimsopp.

Heldigvis fekk vi slakte fritt utan å måtte bequerelmåle alle kalvane, men det var nære på; grensa er på 3000 bq/kg og høgste verdien vi hadde i Lom var 3000 og dermed var det nok å måle 33 stk ( kvadratrota av planlagt slakteuttak). Det vart slakta 909, det meste kalv, og det var vi nøgde med. Grunna rasulykka i vinter vart det ikkje slakta simler.

I Vågå derimot var verdiane langt høgre; 10.800 bq/kg – høgste verdien målt sidan 1998, og med det måtte alle potensielle slaktdyr målast og det var svært arbeidskrevjande.  Truleg vart det handtert ca  1.800 og resultatet vart 808 dyr til slakt der.

Det var knytt litt spenning til vektene i haust grunna den varme sommaren, men resultatet for vart 25,7 kg og det er veldig høgt til å vera septemberslakting.

NRK journalist Rebecca Nedregotten Strand og fotograf Jan Benkholt var med innstaksdagen for å ta opptak av inndrivinga på Grønhø. Til vinteren er planen at dei skal kome att og gjere fleire opptak og vi vonar at desse opptaka vert såpass gode at dei kan brukast i eit NRK-program.

Vi fekk også vitjing av fotograf Jan-Erik Kjøland. På denne linken har han lagt ut nokre av dei bileta han tok og som på ein god måte dokumenterer gangen i haustslaktinga. Foto: Jan Stokstad.

Legg igjen en kommentar