Borte bra, men heime best.

Borte bra, men heime best – navigasjonsutstyret er i orden! Etter ein vanskeleg vinter med omsyn til ver og ras, så kan vi nå fortelja om ei gladhistorie: 3. april var gjetarene på flyttefot med flokken til vårbeite og kalvingsområda i Veo- og Smådalen. Vegen går om Leiråsen, Leirvassbu, Visdalen og opp ved Skautflya. Frå Leiråsen starta det opp som vanleg, leidyr fyrst, fyrygangarar og flokken deretter. Men denne gongen var det eit ukjent dyr som kom som fyrygangar; ei 11 år gamal simle med avsaga horn! (horna vert saga av for å unngå skader under transport). Korleis kunne dette hengje saman?

Mest truleg er forklaringa denne; ei simle rømde frå slakteriet på Otta den 27. november. Ho kom seg laus og ut ei dør. Simla vart oberservert i området i nokre dagar, men utan at det lykkast å få skote ho. Sidan veit ingen kva lagnad dyret fekk eller kvar det tok vegen. 12.januar melder gd.no om ein reinsbukk som har kryssa Ottaelva. Kankje var dette simla? I og med at simla var hornsaga så er det ikkje lett å sjå skilnad på den og ein kollbukk vinterstid. Rykte seier at det i ettertid har vore sett ein einsleg rein fleire gonger i Lundagrenda og rundt omkring.
Det som er sikkert er at det ikkje har vore sett nokor simle med 3-4 cm hornstubbar i flokken tidlegare i vinter, ikkje før dei altså starta på vegen attende til kalvingsområda.

Vi er nokså sikre på at det her er eitt og same dyr; ho som rømde og ho som kom som fyrygangar og ville åt Veodalen for å kalve – utan bruk av satelitt og GPS!

Til orientering for lesarar som ikkje er lokalkjende så er det 60-70 km i luftline mellom Otta og Bøverdalen og ruta har truleg gått gjennom 2 større villreinbeiter.

Foto: Anne Haugen på tur vestover frå Leikseterfjellet (Storrivilen i bakgrunn) med vinterflokken på omlag 2400 dyr i 2012. Foto: Jan Stokstad.

Les oppslaget om simla på NRK sine nettsider her.

Legg igjen en kommentar