Rasulykker

År om anna vert flokken råka av rasulykker. Det er dessverre ikkje til å unngå. Når ein ser kva terreng flokken brukar på etterjulsvinteren så er det ikkje til å undrast anna enn at flokken vert utsett for slik risiko. Ferdavegen går som oftast gjennom VIsdalen, Leirdalen, Breiseterdalen, Dumdalen og vidare åt austre Lomseggområdet. Alle plassar er det er bratt nok.

Oftast vert nok skreda utløyst av dyra sjølve, men i seinare tid har jerven vorte ei plage og kan skuldast for at dyr enkelte gonger har vorte skremt utfor stup og hamna i skred.

Det er stort økonomisk tap når ras får slikt stort omfang. Misser vi 200 vinterdyr så må ein rekne med at rundt 180 av desse ber foster. Tilsaman vert det 380 dyr mindre å slakte av til hausten.

18 februar 2014 – Rustasætre: eit skred tek med seg ein del av flokken. Denne gongen starta det med at nokre dyr sklei ut på ei kjøving og omlag 140 vart direkte drepne og eit 30 tals har vorte avliva som fylgje av skade.

Eit trist syn møtte gjetarane Asbjørn Hansen og Jan Stokstad då dei kom fram til rasstaden. Foto: Jan Stokstad.

25. mars 2010 – 200 dyr Bord/ Lomseggen – omlag 220 dyr tilsaman i beitesessongen.

Legg igjen en kommentar