Slakting
2020 – vinter til haust
Etterjulsvinteren Etterjulsvinteren 2020 gjekk rimeleg greitt for seg, men vi vart minte på utfordringa vi har med bukkeflokkane frå villreinområdet Reinheimen-Breheimen. Dei siste åra har vi sett at dei fyrste flokkane har kome over på vårt vinterbeite tidlig i mars, og i år vart det litt samanblanding. Gjetarane klarte å skilje ut att dei fleste,…
Les merVinterslakt 2019
Sålell desember Etter ein gjestevisitt med vinterslakt på Grønhø førre hausten, var det klart for inntakt att i Sålell. Det har vore ein trå haust med omsyn til veret, med lite sjog, mykje vind og dårleg sikt. Etterkvart som vinterern seig på, vart det dessverre enda meir utriveleg å vera tilfjells grunna stor skredfare. Alt…
Les merHausten 2019
Lom Tamrein AS ynskjer velkomne til haustslakting på Grønhø måndag 9. september. Det er planlagt inntak laurdag 7. september. Resultatet vart særs godt – over 3.600 reinsdyr inne på trå og av desse vart 1.300 slakta.
Les merEin uvanleg vinter
Grønhø – vinterslakt Førjulsvinteren var prega av barmark og vind, og for fyrste gong sidan 1988 vart vinterslaktinga flytt frå Sålell til Grønhø med inntak og slakting 12-13 desember. Men Grønhø er ei god erstatning når scooterføret vart som det vart. Det vart slakta i alt 433 slik at totale slaktetalet for 2018 vart 1573.…
Les merCWD-status og litt til.
CWD – skrantesjuke Prøvene som vart tekne på slaktinga er nå ferdig analysert og heldigvis vart det ikkje funne spor av CWD! Ialt vart det teke prøve av 190 frå Lom og 321 frå Fram Tamreinlag. Veterinæinstituttet legg ut dagleg oppdatering av skrantesjukestatistikk her. Det er sjølvsagt knytt stor spenning til korleis denne sjukdommen utviklar…
Les merHaustslakting 2018
Det er planlagt inntakt på Grønhø laurdag 8. september. Sommaren har vore spesiell, mest ikkje nokon liknande i manns minne og derfor er det spenning knytt til kor tunge vektene vert og kva for verknad varmen, og nå soppen har hatt. Røynsle frå tidlegare år med enten mykje varme eller mykje regn syner at variasjonen…
Les merVinterslakt 2017
Vinterslakt 2017 Det har vore eit godt nytt år for tamreinlaget. I Sålell var det utteke 433 dyr til slakt. Samla for året vart det slakta 1.570 og vinterflokken i år er på 2.355 – om lag det same som førre året. Slaktvekter på kalv og 1,5 års bukk siste 16 åra: Vektene er sjølvsagt…
Les merSlakting hausten 2017
Slakting hausten 2017. Det vart inntak på Grønhø sundag 10. september. Etter ei veke med austavind og skodde vart det endeleg ein glytt slik at gjetarane fekk flokken på trå, ialt 3.393 dyr. Av desse vart 1.134 slakta. Vi er med det i god rute til å få eit nytt godt år for laget. Vi…
Les merVinterslakting 2016
Foto: Christian Vole – gjekk inn flokken 25. november 2012. Sålell 2016 Vinteren har til fulle kome i fjellet og det går mot vinterslakting. Planlagt inntak utsett til sundag 4. desember i Sålell. Og inntakt vart det sjølv om ver og vind vart litt utfordrande. Resultatet vart 2.338 dyr til vinterflokk og 514 til slakt.…
Les merHaustslakting 2016
Overgjetar Geir Egil Slettom med ‘gronbukkar’ i Veodalen hausten 2015. Foto: Jan Stokstad. Det går mot haust og tida er komen for hausting av sommarens tilvekst i flokken. Planen er inntak på Grønhø laurdag 10. september med påfølgjande slakting 12-13. september. Vi vonar å kunne få slakta 1100-1200 dyr. Vågå Tamrein A/S slaktar 15-16. september…
Les mer