Hausten 2019

Lom Tamrein AS ynskjer velkomne til haustslakting på Grønhø måndag 9. september. Det er planlagt inntak laurdag 7. september. Resultatet vart særs godt – over 3.600 reinsdyr inne på trå og av desse vart 1.300 slakta.

Les mer

Ein uvanleg vinter

Grønhø – vinterslakt Førjulsvinteren var prega av barmark og vind, og for fyrste gong sidan 1988 vart vinterslaktinga flytt frå Sålell til Grønhø med inntak og slakting 12-13 desember. Men Grønhø er ei god erstatning når scooterføret vart som det vart.  Det vart slakta i alt 433 slik at totale slaktetalet for 2018 vart 1573.…

Les mer

Olav G. Øiberg

Frå Røros åt Lom   Frå Olav G. Øiberg har vi fått ei reiseskildring frå 1926, Såga om Skjåk-reinen og Tråjæting av rein 1929-30.Reiseskildiringa frå Røros har eg gjort avskrift av, dei to andre skriva er lagt ved som pdf. Såga om Skjåk-rein Trågjeting 1929-30 Lomsreinen «I 1923 kom det tamrein ått Lomsfjellom, Det var…

Les mer

Haustslakting 2018

Det er planlagt inntakt på Grønhø laurdag 8. september. Sommaren har vore spesiell, mest ikkje nokon liknande i manns minne og derfor er det spenning knytt til kor tunge vektene vert og kva for verknad varmen, og nå soppen har hatt. Røynsle frå tidlegare år med enten mykje varme eller mykje regn syner at variasjonen…

Les mer

Status CWD – skrantesjuke

CWD Uframt to nye funn av smitta dyr har det heldvis ikkje vorte funne fleire sjuke dyr i haust. Iflg Veterinærinstituttet har det til nå vore teke prøver av 1.743 tamrein og 1.676 villrein. Du kan her fylgje status for kor mange dyr som er testa og evt. funn av fleire sjuke dyr.    …

Les mer

Slakting hausten 2017

Slakting hausten 2017. Det vart inntak på Grønhø sundag 10. september. Etter ei veke med austavind og skodde vart det endeleg ein glytt slik at gjetarane fekk flokken på trå,  ialt 3.393 dyr. Av desse vart 1.134 slakta. Vi er med det i god rute til å få eit nytt godt år for laget. Vi…

Les mer

Gjetarar i Jotunheimen

Gjetarar i Jotunheimen Rein kjærleik – Ola og Jørn har draumejobb i høgfjellet med tusenvis av reinsdyr. Flokken veit dei kvar dei skal finne, damene er det litt verre med. Om du ikkje har fått med deg programma så finn du dei i nettspelaren til NRK  Sjåartala har vore særs gode. Iflg NRK var det 430.000, 400.000…

Les mer

Vinterslakting 2016

Christian Vole

Foto: Christian Vole – gjekk inn flokken 25. november 2012. Sålell 2016 Vinteren har til fulle kome i fjellet og det går mot vinterslakting. Planlagt inntak utsett til sundag 4. desember i Sålell. Og inntakt vart det sjølv om ver og vind vart litt utfordrande.  Resultatet vart 2.338 dyr til vinterflokk og 514 til slakt.…

Les mer

Gjetarar i Jotunheimen – NRK1, hausten 2016

    Gjetarar i Jotunheimen – NRK1, hausten 2016 Programskaparar: Rebecca Nedregotten Strand og Dag Indrebø Eitt av dei vakraste og villaste fjellområda i Noreg, er arbeidsplassen til gjetarane i Lom Tamreinlag. Midt i Jotunheimen, passar dei på tusenvis av reinsdyr. I eit spektakulært og lunefullt landskap. Rovdyr, rasfare og eit vêr som skiftar fort…

Les mer

Haustslakting 2016

Overgjetar Geir Egil Slettom med ‘gronbukkar’ i Veodalen hausten 2015. Foto: Jan Stokstad. Det går mot haust og tida er komen for hausting av sommarens tilvekst i flokken. Planen er inntak på Grønhø laurdag 10. september med påfølgjande slakting 12-13. september. Vi vonar å kunne få slakta 1100-1200 dyr. Vågå Tamrein A/S slaktar 15-16. september…

Les mer